Det du treng for å møtast
Frå den store festen til kaffien på torsdag. Her er det Møtes gjer i dag.
Dei store høva
Arrangement
Bursdagen, bryllaupet, jubileet – alt om dagen samla på éin stad, utan gruppechatkaos.
- Invitasjonar frå kontaktane dine, eller ei personleg lenke.
- Svar frå 0 til 100 % – frå nei til heilt sikkert. Du ser kven som kjem, og kven som er usikre.
- Og mykje meir – tavle for praten, stad som opnar seg i kart, meiningsmålingar, spleiselag og lenker.
Kvardagen
Avtalar
Ikkje alt treng eit heilt arrangement. Kaffi, trening eller middag hos naboen er ein avtale, laga på sekund.
- Rett frå kontaktane dine – trykk på ein person og lag ein avtale.
- Med ei heil gruppe – kontaktgrupper som alle i gruppa kan sjå og invitere frå.
- I same oversikta som arrangementa dine, så du ser alt på éin stad.
Alt imellom
Hugselappar
Gjeremål, handlelister og idear – på den dagen dei høyrer heime.
- For deg sjølv, eller delt med kontaktane dine – og de bestemmer saman.
- Utset med eitt sveip når dagen ikkje rakk til.
- Eigne fargar, så du ser skilnad på dei.
Éi oversikt
Kalender
Arrangement, avtalar og hugselappar i same månadsoversikt. Heile månaden på éin skjerm – sveip for neste.
- Arrangement
- Avtalar
- Hugselappar
Og dessutan
Oppdag
Bla gjennom offentlege arrangement, og legg det du vil på, rett inn i oversikta di.
Kontaktar og grupper
Folka du møter oftast, samla – med profilkort for kvar.
Varsel
Push-varsel for det du vil vite om – du vel sjølv kva for nokre.
På ditt språk
Nynorsk, bokmål og engelsk, i lyst og mørkt tema.
Klar for det store – og alt imellom?
Kjem snart iApp StoreKjem snart påGoogle Play
